mandag 17. februar 2014

Glutenfri havregraut!

Er du lei berre brød til frokost? Så er havregraut eit godt og sundt tips! Dette laga mi mormor til meg då eg var lita, og dei var på besøk, og eg hugse endå korleis ho avkjølte havregrauten på vintaren, med å setje den ut på karmen ;-)

Litt inspirasjonsbilete:

Denne frå tupperware er genial når man skal varme ting i micro :-D Hatt den i fleire år, og superfornøgd!

Ingrediensar:

Voila!

Tida eg lot det stå i, tok det også ut 30 sec før det var ferdig og rørte, men det var perfekt med 1 min 50 sec!




søndag 16. februar 2014

Fylte vegetar avocado!

                                                                FYLTE AVOCADO!
Når eg var nede i Rhodos i 2011, smakte eg noko dei laga som var kjempegodt, og i går kom eg på eg kunne lage det i dag: fylte avocado. Dei hadde reker oppi, men istedefor reker hadde eg grønnsaksfyll. Så i dag kjem oppskrifta i bilete, trinn for frinn:







Enjoy!

fredag 14. februar 2014

Frukt som snacks!

Ja, eg plar ofte ha frukt som snacks, og ofte gjerne ståande - særskild når søtsuget meldar seg, for kven kjenner vel ikkje på det innimellom....? Då er det smart med frukt, og frukt er faktisk ikkje så dyrt, har eg oppdaga :-D

Så fint og fristande kan man få det til å sjå ut:






Kjempegodt, sundt, masse gode vitaminer, jern osv, osv som kroppen treng!

Anbefalast på det varmaste! :-)

torsdag 13. februar 2014

Vegetar nachorett!




Her ser de dagens middag! Inspirasjon og kreativitet, difor kjem det berre innhald:

Poteter (småpotet oppskjært)
Paprika (")
Mais
Sellerei (Kutta i terningform)
Nachochips
Ost (Kutta i terningar)
Toater (Sånne små, delt i 4 per tomat)
På toppen har eg lagt osteskiver!

Saus:
Ratatouilla (Boks med sånn grønnsakssaus ting)
Ein - til to skeier raud pestosaus
Ein . til to skeier grøn pestosaus

Brød:
Glutenfri baguett (Varmes ca 5 min i ovn)

Velbekomme til mexikansk middag :-)

Glutenfri vegetariansk blogg!

Hei,

Og velkommen til min matblogg!

Hadde aldri trudd at denne dagen skulle kome, at eg skulle lage meg matblogg, men: Voila! Here it is!

Ei venninne spurte meg her ein dag, kvifor lagar du deg ikkje ein matblogg? Etter å ha sett fristande matbilete på facebooken min.

Har tenkt tanken før, men så har eg tenkt, neh, min matblogg vil berre forsvinne i alle andre sine matbloggar! Men men, eg tek sjangsen likevel! Så får me sjå kor dette bær hen!

Men for å nemne kort kva denne bloggen vil innehalde:

Min mat, eller det eg lagar, er stort sett inspirert ´der og då´, eg føl sjeldent oppskrifter, til og med når eg baker så går mykje på inspirasjon. Men det er når ein kan bruke inspirasjon - det er gøy å lage mat! Det tykkjer iallefall eg, sleppe litt ´perfeksjonisme´ og la fantasien kome fram, og ikkje minst kreativiteten!

Og så, kva type mat vil kome her?
Jo, som nemnt i matbloggens tittel, vil det kome mat som er:
-Glutenfri
- Vegetariansk.

Dette av fleire orsaker.
Kvifor glutenfritt?
Eg har ein kropp som er ømfintleg for gluten, og har difor valgt å leve glutenfritt.
Kvifor vegetarianer?
Den eine tanken er det økologiske perspektivet, og tanken om dyras rettighetar, og måten dyr blir behandla på. Eg påstår ikkje her at alle dyr vert behandla dårleg, men det er mykje ´industri´ gardsbruk osv, og det er eg ikkje så fan av.
Det same med å beskytte villmarka, og at dei dyra som faktisk lev fritt i naturen, skal få lov til nettopp det!
Ein anna orsak er det økologiske perspektivet, når eg har råd og moglegheit, så kjøpar eg økologisk. Det er så mykje mat som blir spraya, genmastribuert osv osv, og den beste maten er den som er `rein`! Og der ein håpefullt veit at dyra har det betre.
Ein tredje ting er at kroppen min, og blodtypen min trives best med vegetarmat, og eg har og oppdaga kor enkelt det er å leve både glutenfritt og vegetarianer.
Ein fjerde? Orsak er også diakoniplanen, som lyd slik:

 "Diakoni er kirkens omsorgstjeneste.  Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærlighet, inkluderende fellesskap, vern om skaperverket og kampen for rettferdighet".

Dette har vore ein prosess for meg, kanskje andre er i same prosess, eller rett og slett berre treng tips og inspirasjon til sin matlaging?

Vel, eg håpar min matblogg kan vera ein inspirasjon til det!

Vælkømmin! ;-)