Hei,
Og velkommen til min matblogg!
Hadde aldri trudd at denne dagen skulle kome, at eg skulle lage meg matblogg, men: Voila! Here it is!
Ei venninne spurte meg her ein dag, kvifor lagar du deg ikkje ein matblogg? Etter å ha sett fristande matbilete på facebooken min.
Har tenkt tanken før, men så har eg tenkt, neh, min matblogg vil berre forsvinne i alle andre sine matbloggar! Men men, eg tek sjangsen likevel! Så får me sjå kor dette bær hen!
Men for å nemne kort kva denne bloggen vil innehalde:
Min mat, eller det eg lagar, er stort sett inspirert ´der og då´, eg føl sjeldent oppskrifter, til og med når eg baker så går mykje på inspirasjon. Men det er når ein kan bruke inspirasjon - det er gøy å lage mat! Det tykkjer iallefall eg, sleppe litt ´perfeksjonisme´ og la fantasien kome fram, og ikkje minst kreativiteten!
Og så, kva type mat vil kome her?
Jo, som nemnt i matbloggens tittel, vil det kome mat som er:
-Glutenfri
- Vegetariansk.
Dette av fleire orsaker.
Kvifor glutenfritt?
Eg har ein kropp som er ømfintleg for gluten, og har difor valgt å leve glutenfritt.
Kvifor vegetarianer?
Den eine tanken er det økologiske perspektivet, og tanken om dyras rettighetar, og måten dyr blir behandla på. Eg påstår ikkje her at alle dyr vert behandla dårleg, men det er mykje ´industri´ gardsbruk osv, og det er eg ikkje så fan av.
Det same med å beskytte villmarka, og at dei dyra som faktisk lev fritt i naturen, skal få lov til nettopp det!
Ein anna orsak er det økologiske perspektivet, når eg har råd og moglegheit, så kjøpar eg økologisk. Det er så mykje mat som blir spraya, genmastribuert osv osv, og den beste maten er den som er `rein`! Og der ein håpefullt veit at dyra har det betre.
Ein tredje ting er at kroppen min, og blodtypen min trives best med vegetarmat, og eg har og oppdaga kor enkelt det er å leve både glutenfritt og vegetarianer.
Ein fjerde? Orsak er også diakoniplanen, som lyd slik:
"Diakoni er kirkens omsorgstjeneste. Den er evangeliet i handling og
blir uttrykt gjennom nestekjærlighet, inkluderende fellesskap, vern om
skaperverket og kampen for rettferdighet".
Dette har vore ein prosess for meg, kanskje andre er i same prosess, eller rett og slett berre treng tips og inspirasjon til sin matlaging?
Vel, eg håpar min matblogg kan vera ein inspirasjon til det!
Vælkømmin! ;-)